tirsdag 31. mai 2011 21:23
Vi har oppdatert vår kurskalender med nye kurs. Du finn søknadsskjema, kursinfo, osb ved å klikke deg inn på kvart enkelt kurs/studium.
Vi tilbyr no:
onsdag 09. mars 2011 21:20
Vi har gleda av å presentere fleire nye studie- og kurstilbod for 2011!
Ta ein kik i i den nye kalendaren som er under utarbeiding og sjå om det er noko som kan vera interessant for deg.
I tillegg legg vi opp til å tilby følgjande studium i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane:
- Råsegling (10 stp.) - oppstart i pinsehelga
- Friluftsliv og kystkultur (15 stp.)
- Kystfriluftsliv (10 stp.)
Det vert også jobba aktivt med å få på plass eit nytt spanande studium som rettar seg mot pedagogar og barnehagetilsette - Basisfag i friluft (10 stp.).
Likeins har vi planar om å tilby studiet Frilluftspedagogikk i åra som kjem.
Til hausten er det også avgjort at det skal haldast Grafikkurs på Utvær.
Og vi har konkrete planar om mykje meir...!
Alt dette vil koma inn i kurskatalogen etter kvart som brikkene fell på plass.
Følg med, så vil det kome datoar og meir informasjon etter kvart!
onsdag 09. mars 2011 20:00
Vi har no gleda av å kunne tilby 15 studiepoeng i Havpadling i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane.
Studiet er delt i 2, der ein er nøydd å ha gjennomført og bestått Havpadling trinn 1 (10 stp.), for å kunna ta eksamen og oppnå studiepoenga i Havpadling trinn 2 (5 stp.).
Merk: Du kan likevel gjennomføre Havpadling trinn 2 og oppnå instruktørgodkjenning frå Padleforbundet, men du får ikkje studiepoeng på den måten.
Havpadling trinn 1 vert gjennomført over 3 helger frå mai til august.
Grunnleggjande padleteknikk som framdriftstak, stopp og bakoverpadling, sveipe- tak og styretak, støttetak, sidevegs forflytning, ulike redningsteknikkar, eskimorulle og iland- stignings- og sjøsettingsteknikkar, samt turplanlegging, vurdering av værforholda på sjøen, navigering og sikker ferdsel er sentrale læringselement i studiet.
No current events.